Ta bilde av ville fuglar i din eigen hage

with Ingen kommentarer

Er du ein av alle dei som tykkjer at det er koseleg med søte små fuglar i hagen? Er du også ein av dei som likar å ta bilde? Då har vi i dag eit tips om korleis du knyter desse to tinga saman. Du vil iløpet av denne posten få informasjon og inspirasjon om korleis ein kan laga til ein fuglestasjon som både du og fuglane kan få stor glede av.

 

Sett opp ein fuglestasjon

Det er best om du held deg til ein plass, elles vil sjølvsagt fuglane bevega seg frå stasjon til stasjon og du vil ikkje alltid få fuglane til å fly der du har stilt inn kameraet ditt til å ta bilde.

Ville fuglar i tunet-4

 

Ville fuglar i tunet-13

 

 

Utstyr :

– Kamera

– Stativ

– Objektiv med zoom på 100mm+

– Fjernutløysar

– Tolmodigheit

Innstillingar :

Program : Manuell

Fokus : Manuell

Lukkerhastighet : 1600 (ca)

Blender : f/4

ISO : 400

Brennvidde : 100mm +

Driverinnstilling : Kontinuerlig

Hvitbalanse : Auto

 

Plassering av stasjon

Tenk over plassering av fuglestativet eller fuglestasjonen din. Fuglane bør sjølvsagt vera lette å sjå når du skal ta bilda. Med andre ord må du komma nokolunde tett på, men samtidig ikkje så nærme att du skremmer dei vekk. Du må bruka fjernutløysar og trykka så fort ein fugl nærmar seg matfatet, trykk litt når dei er på stanga og kanskje i det dei er på veg vekk? Du klarar aldri å treffa akkurat slik du hadde tenkt deg, så du må berre ta mange bilder, og håpa på at du treff med mange nok til at du blir fornøgd. Det er klart, 1 perfekt er bedre enn 3 som er nesten perfekt. Eller? Den vurderinga kjem vel i forhold til kva du skal bruka bilda til. Skal du f.eks. laga ein liten kollasje av tre fine fuglar i gangen er det nok bedre med 3 nesten perfekt.

Perfekt?
Nr.1 Perfekt?
Nr.2 Bomskudd
Nr.2 Bomskudd
Nr.3 Litt mykje som skjer?
Nr.3 Litt mykje som skjer, men bra…
Nr.4 Fornøgd!
Nr.4 Fornøgd

Tenk veldig mykje over bakgrunnen du har! Du må ha med deg sola, men på rette måten. Ikkje ta bildet rett mot. Du må passa på at det ikkje er mykje uromoment i bakgrunnen. Er det uromoment, er det iallefall viktig at du har rett blendar, så ikkje bakgrunnen blir «synleg» og uroar bildet. Som i desse bilda var det ein mur og hekk i bakgrunnen, men med så utvaska bakgrunn på grunn av rett blendar så ser du ikkje kva som er der. Du kan også prøva å ta bilda meir «opp i lufta» slik at du får himmelen som bakgrunn. Det kan gi deg reine fine bilde ganske enkelt.

Lysforhold

Beste er dersom sola møter ansiktet på fuglane, og du tek bilder i 45 grader på dei. Då får du lyst opp motivet ditt på best mogleg måte. Du treng mykje sol for å komma opp i den lukkartida som trengst for å få tilnærma stillbilder. Det er ein fordel om det er ein liten bevegelse i tuppen på vingene. Då blir bilda med ein gong mykje meir levande. Test deg fram i lyset du har tilgjengeleg, og skru evt. opp ISO for å få nok lys, men eg likar ikkje å gå for høgt på ISO`en i frykt for kornete bilder. Dette avhenger mykje frå kamera til kamera. Nokon toler høg ISO veldig godt, andre ikkje.

Stativet og sjølvutløysaren

Dette er eitt must have! Pass på manuell fokus som oppført i innstillingane, og at du skrur av ein evt. «IS» på kamera, så ikkje kamera står å leitar etter rystelsar. På stativ skal kamera få jobba i fred. Still deg opp på avstand, ha god tolmodigheit og om du matar fuglane etter at du har gjort klart utstyret og går vekk, så vil dei nok legga merke til deg. Etter nokre få bilder sjekker du korleis støyen på ISO, lukkartid og blendar ser ut, slik at du ikkje står der og tek mange bilder som ikkje er brukande. Trur dette er ein fotoøvelse som du kjem til å gjera fleire gonger etter å ha prøvd ein gong.

(Visited 28 times, 1 visits today)

Legg inn en kommentar