I båt? Kva held du fokus på?

with Ingen kommentarer

Har du båt, og likar å vera utpå fjorden å nyta det den har å by på? Du likar kanskje ikkje å fiska men derimot å ta bilder? Eg for min del likar godt alt saman. Aller helst ser eg for meg ein nydeleg sommardag med mange varmegrader, høg sol, enkelte flotte skyer på himmelen med sterk kontrast mot den blå himmelen. Ein heilt skyfri himmel er ikkje like fint på bilde som når du skal sola deg.

Ta bilder på fjorden

Kva fasinerer deg når du er på fjorden? Har du ein båt lagt inne i fjordarmane som meg? Eller ein som ligg på Mjøsa? Ute ved kysten? Lofoten i nord? Ved nokre av dei store byane våre med Operahuset? Vaagen i Bergen og Stavanger? Nidelven og Munkholmen? Det er så vanvittig mange fine plassar langs kysten og fjordlinja vår som vi kanskje ikkje tenker over kvar dag. Alt det som er rundt oss er med på å skapa historie, og bør forevigast. Eg skal no gå igjennom nokre av dei motiva som eg har rundt meg i Sognefjorden.

Biletet gir meg masse lys på sommardagen, lett å stilla inn for å ta eitt godt bilete. Eg valde noko slikt som utgangspunkt for å ta biletet, då det her er viktig å få med litt dybde i bildet. Som du ser er fjorden roleg, og eg senkar som regel farten veldig mykje før eg tek bilete. Valg av objektiv du brukar er ikkje det viktigaste, men det bør vera IS på det.

Innstillingar :

Program : Manuell

Fokus : Auto

Lukkerhastighet : Styrt av kamera

Blender : f/8

ISO : 100

Brennvidde : 24-105mm

Driverinnstilling : Ett bilde

Hvitbalanse : Auto

Dette gir meg mindre lys enn om eg rettar kamera mot himmelen, men med ein sol på himmelen er det uansett ikkje noko problem. Dette er diverre eitt naust som no er rive ned. Det var ingen som hadde tilknytting til det, og til slutt sa det takk for seg. Her er innstillingane eg brukar.

Innstillingar :

Program : Blenderprioritet (AV)

Fokus : Auto

Lukkerhastighet : Styrt av kamera

Blender : f/5,6

ISO : 100

Brennvidde : 24-105mm

Driverinnstilling : Ett bilde

Hvitbalanse : Auto

Fantastisk dag på sjøen, båten er plassert i forhold til fuglane som ligg å flyt og nyter den varme dagen. Eg er heldig og får teke bilde av gåsa i det den er på veg i retning sola. Eg får 90 grader på, og nokre fine skuggar under vingene i tillegg til flotte konturar i fuglen sidan eg kan ha lukkartid på over 1/2000 ettersom sola er sterk. Lav ISO fører også til bortimot ingen støy i bildet.

Innstillingar :

Program : Blenderprioritet (AV)

Fokus : Auto

Lukkerhastighet : Styrt av kamera

Blender : f/2,8

ISO : 100

Brennvidde : 70-200mm

Driverinnstilling : Kontinuerlig

Hvitbalanse : Auto

(Visited 29 times, 1 visits today)

Legg inn en kommentar